Info and registration:
Hardanger Open World Cup 2025

Hardanger Handbakklubb

aktivitet for ungdom og vaksne med fysisk aktivitet i eit positivt, sosialt miljø
Bli medlemKva er handbak?

handbak er for alle!

frå dei antikke olympiske leikane i Athen til vestlandsbygder

Lett å starte

Handbak er ein brytesport med opphav frå dei antikke olympiske leikane i Athen, også kalla armbrytning. Å bli god krev ein kombinasjon av styrke, teknikk, hurtigheit og psyke. Men dei aller fleste kan ha glede av denne sporten på sitt eige nivå. Det er ulike vektklassar og reglane er enkle. Sporten fordrar ikkje dyrt utstyr for utøvaren.

ein open klubb

I klubben vår er det lagt vekt på at ungdommen kan delta på eigne premissar. Å få ut energi og samtidig innordna seg reglar og sosiale normer, er for mange det aller viktigaste, ikkje nødvendigvis det å bli sterkast. Miljøet er jordnært og godt forankra i sunne verdiar.

rein idrett

Eit sunt og positivt miljø, der dei eldste er gode førebilete for dei yngste, er viktig. Samtidig er klubben eit ordinært idrettslag underlagt Norges idrettsforbund og ordninga RENT IL. Me er registrert i fem hardangerkommunar. Medlemer får råd og rettleiing for å utvikla seg sjølv og unngå skadar.

Hardanger Open

kvart år arrangerer me Hardanger Open: opent Nordisk mesterskap
på hotel ullensvang

Hardanger open 2024

Årets konkurranse var 2.–3. februar. World Cup og nordisk meisterskap med nær 230 deltakarar frå 16 nasjonar. Hotel Ullensvang var fullt av unge og vaksne utøvarar som konkurrerte over to dager.  

resultater og videoTeaser-video

Junior Cup - Hardanger Open 2024

Hardanger Handbak Klubb og Norges Bryteforbund innbyder til Junior Hardanger Open 2024. Laurdag 16. mars kl 12 i lokala til Aktiv Granvin.

Resultater og video

Sponsorer og partnere

Bak klubben sine aktivitetar og stemner ligg det mykje frivillig arbeid og stønad frå gode vener.